Oversikt over artikler

Kampen om domenenamn

Det svenske firmaet Control Alt Delete blei meldt til politiet i slutten av november i fjor for å ha forsøkt å svindle med registrering av Internett domenenamn. Saka har ført til at fleire har blitt merksame på kor viktige desse namna er. Det er kanskje på høg tid at også ditt firma registrere sitt eige domenenamn før nokon annan gjer det?

Alle datamaskiner som blir kopla til Internett får tildelt eit unikt nummer, IP-adressa på 32-bit. Men det er sjølvsagt enklare for oss brukarar å bruke namn, så i tillegg til nummera blir dei fleste maskinene tildelt eit eller fleire namn. Og desse namna må også vere unike, og informasjonen om kva for namn og IP-nummer som høyrer saman må vere lett tilgjengeleg for alle maskiner på nettet. Informasjonen er derfor lagra i det som sannsynlegvis er verdas største distribuerte database. For å sikre at namna blir unike er dei organiserte i eit hierarki, og namna må registrerast hos ein namneautoritet. Heile systemet av namnehierarki, registreringsautoritetar og distribuert database blir kalla Domain Name System, DNS eller på norsk berre domenenamn.

Verksemder som har ambisjonar om å bruke Internett aktivt registrerer gjerne domenenamn som er lette å assosiere med firma eller varemerke. På den måten kan brukarane av nettet enkelt finne fram til informasjonen frå Microsoft og Aftenposten på dei velkjende adressene www.microsoft.com og www.aftenposten.no. Det er dei siste ledda av slike namn (microsoft.com og aftenposten.no) som er sjølve domenenamnet, det første leddet er namnet på ein servar innanfor domenet og til saman blir det eit maskinnamn som er eintydig på heile Internett. Domenenamna er også ein del av e-post adressene på nettet. Adressa for elektronisk post til NRK Dagsrevyen, dagsrevyen@nrk.no er eit typisk eksempel på ei god adresse som er enkel og lett å hugse.

Domenenamna er altså organisert hierarkisk. Toppen av hierarkiet er siste leddet i kvart domenenamn og det kan vere anten ein landskode for kvart land eller ein av nokre få generelle kodar for ulike typer verksemder.

Utanom den geografiske oppdelinga i land, er det altså svært få toppnivå, og det har ført til rift om å få registrere namn, og ein livleg handel med namn som alt er registrerte.

Det svenske firmaet Control Alt Delete hadde på eige initiativ registrert namna til fleire kjende svenske verksemder, ikkje under det svenske topp nivået, .se, men under .com. I neste omgong prøvde firmaet å tene pengar på å selje namna tilbake til dei svenske føretaka for omlag 30.000 kroner. I svensk presse er Control Alt Delete omtala som nettpiratar, og dei er altså melde til politiet skulda for utpressing.

Det er ikkje første gongen det er strid om registrering av domenenamn. I USA har såkalla "namenapping" vore eit problem i fleire år. Dei mest kjende sakene skriv seg frå 1994 og gjeld McDonalds og MTV. Domenenamnet mcdonalds.com vart registrert av ein skribent som ikkje hadde noko med hamburgerseljarane å gjere. Han ville demonstrere kor lett det var å registrere andre sitt namn, og kor lite merksame dei store føretaka var på den rivande utviklinga av Internett. Ein ung diskjockey i MTV registrert domenet mtv.com for seg sjølv og brukte det for å ta i mot respons frå sjåarane sine. Problema oppstod då han slutta i MTV og tok med seg domenenamnet og ville halde fram med å bruke det.

Slike problem botnar i at domenenamna enno manglar den juridiske statusen som logoar og varemerke har, og at registreringsautoritetane manglar kapasitet og vilje til å sjekke om dei som vil registrere domenenamn har retten til det aktuelle namnet.

Det er Internet Assigned Numbers Authority (IANA) som bestemmer kva for namn vi skal ha på toppen, og så overlet dei sjølve registreringa, namneautoriteten til andre. For .com, .edu, .net, .gov og .org er det organisasjonen InterNIC som står for registreringa. InterNIC blei tidlegare finansiert av National Science Foundation i USA, men med kommersialisering og stor auke i talet på aktørar på Internett, har omfanget av desse tenestene blitt så stort at aktiviteten må finansierast med avgifter. Difor kostar det no 100 USD for første gongs registrering og ei årleg avgift på 50 USD å ha eit domenenamn.

Etter ei periode der alle nye domene blei registrert direkte under .no, er det no bestemt korleis den vidare oppdelinga skal vere:

Det er også bestemt at .no kan delast vidare opp etter geografi, og fylke og byar blir dei neste nivåa.

Norsk Registreringstjeneste for Internett Domenenavn, NORID har ansvaret for namna i den norske delen av namnetreet, domenenamna under .no.

NORID blir for tida driven av UNINETT, men registreringstenesta blir prisa til sjølvkost. For ein tenesteleverandør kostar det NOK 350 å få registrert eit domene, medan det kostar NOK 500 dersom nokon ynskjer å registrere direkte. NORID fakturerer også ei årleg avgift, og for 1996 var den på NOK 100 for kvart domene.

Dei tekniske spesifikasjonane av DNS gjer at spesialteikn ikkje kan brukast i domenenamn. Sidan dei særnorske bokstavane i datateknisk samanheng blir sett på som spesialteikn, må organisasjonar med æ, ø eller å i namnet velje mellom forkortingar eller substitusjonsteikn. NORID krev at domenenamnet skal vere heile, delar av, eller ei velkjend forkorting av namnet til den institusjonen som søkjer, men det er no også krav om at namnet skal vere minst 4 teikn langt.

Retningslinjene som NORID arbeider etter har altså etter kvart blitt ganske strenge, men det er ikkje så lenge sidan dei blei vedtekne. Det er difor sannsynleg av vi også i vårt land vil sjå tvister på grunnlag av at fleire verksemder vil gjere krav på det same domenenamnet.

Både InterNIC og NORID stiller ein del krav til verksemder som vil registrere eit domenenamn. Det viktigaste kravet er at domenet verkeleg blir teke i bruk. Det skal vere mogeleg både å gjere namneoppslag og å sende e-post meldingar til domenet, og det skal vere ein ansvarleg person som kan kontaktast i tilfelle problem. Det krevst teknisk kompetanse å få dette til, og for dei fleste verksemder vil det difor vere enklast å la Internett-tilbydaren ta seg av både registreringa og den vidare drifta.

Alle verksemder som ser for seg at dei kjem til å bruke Internett på ein eller anna måte no eller i framtida, bør registrere sitt eige domenenamn snarast.

Oversikt over artikler